HeimBranntryggleik, eldstad og feiingEldstadReparere eller installere eldstad?

Reparere eller installere eldstad?

Skal du reparere eller installere eldstad?

Du treng ikkje søkje dersom:

  • du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og samme brukseining eller branncelle
  • rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søke, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

  1. Du må både fylle ut melding til brannsjef med informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg. Trykk her for å opne skjema.
  2. Send skjema med e-post til post@vaksdal.kommune.no.

Du kan og sende skjema pr post til 

Vaksdal kommune
konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
  • Dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Fagfolka som søkjer for deg må bruke blankett 5174.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand, eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  4. Skjemaet sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no, eller med post til Vaksdal kommune, Konsul Jebsens gate 16, 5722 Dalekvam.

Søknaden må innehalde:

  • Erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • Monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
  • Opplysningar om antal røykløp
  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Trykk her for å lese meir om nabovarsling
  • Situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • Fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein

Kva kostar det?

Trykk her for å sjå oversikt over prisar.

Kontakt oss

Feiar Arne Rødberg

Koordinator, brannvern Brede Tjønneland

Kva seier lova?

Trykk her for å lese lov om planlegging og byggesakbehandling kapittel 20

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 20.11.2019
Publisert: 02.08.2018