Kjøkkenprat for betre branntryggleik

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga. Samtidig vert det fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. God brannberedskap reddar liv og det er ofte ikkje så mykje som skal til. Med nokon enkle grep kan du bidra til å redusere brannfaren hos eldre du bryr deg om. 

Under kjøkkenpraten bør de snakke om:
  • matlaging og branntryggleik på kjøkkenet
  • trygg bruk av elektriske produkt
  • varsling og rømmingsvegar
  • korleis sløkkje brann
  • levande lys og røyking

Sjekkliste for kjøkkenpraten

Medvit kring brannfarar og gode vaner førebyggjer mange brannar. Til pårørande finnast det også ei sjekkliste med dei viktigaste brannførebyggjande tiltaka, til bruk under kjøkkenpraten.

Som pårørande kan du:

  • installere komfyrvakt
  • reingjere filteret i kjøkkenvifta over komfyren
  • passe på at gardiner, dukar, aviser og møblar er i god avstand frå panelomnar
  • sjekke at røykvarslaren verkar og kan høyrast overalt i bustaden
  • sørge for sløkkjeutstyr som bebuaren klarar å bruke
  • rydde unna lysmansjettar, brannfarlege lysdekorasjonar og ustødige lysestakar
  • leggje til rette for at røyking kan skje utan fare for brann

Les meir på "sikker hverdag".


Sist oppdatert: 06.06.2023
Publisert: 30.09.2019