Bål- og bråtebrenning

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjort eld før han er heilt sløkt.

Når er det lov?

I Vaksdal kommune er det totalforbod mot å gjere opp eld utandørs utan å søkje kommunen om lov. 

Unntak frå forbodet:

Open brenning frå grill, utepeis og kaffibål.
Brenning av avfalltrevirke i vedomn, med unntak av impregnert og malt trevirke.
Brenning av avispapir og liknande i vedomn.
Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap på gardsbruk.
Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk.

All bål- og bråtebrenning skjer på eige ansvar.

Du må alltid vere sikker på at dette ikkje kan medføre brann

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon. 

Kva skal du passe på når du brenn bål?

All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind.

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettennelege klede.  
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Fins det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar.
Brenning av hageavfall

Det er lov å brenne hageavfall, men berre små mengder, som kvister, gras, gamalt lauv og planterestar. Det er ikkje lov å brenne boss i noko form, heller ikkje bygningsrestar, materiale, eller treverke som er behandla med maling, lakk, impregnering, eller liknande.  

Vis omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særlig dersom bålet er vått. Slik røyk blir ofte liggande lågt over bakken. Røyk er irriterande på slimhinner, i augene og i luftvegane, og representerer eit helse- og trivselsproblem for dei som blir eksponert. Røyken er spesielt til plage for dei med astma og andre luftvegsproblem. Brannvesenet anbefalar difor å la vere å brenne hageavfall, og heller bruke kompost eller levere hageavfallet til gjenvinning. 

Kompost eller gjenvinning

Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kunne heller blitt til kompost og gjort nytte som gjødsel og jord. Ein enkel hagekompost er lett å lage. Legg alt avfallet i ein haug. Du kan også lage ein karm rundt for å halde haugen på plass.  

Hageavfallet kan også enkelt leverast inn på BIR sine gjenvinningsstasjonar som lagar god jord av det.

Bålpanne

Bålpanner vert stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.  

Flatebrenning

Flatebrenning, eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september.

Sankthansbål

På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.

Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden som er ansvarleg for tryggleikstiltak, og å sløkke elden før staden blir forlaten.    

Slik søkjer du om løyve

  • Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell.
  • Søknaden sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no

Kontakt

Brannsjef Leif Linde

Koordinator, brannvern Brede Tjønneland

Les meir

Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsemd


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 26.07.2018