HeimBarnehageHelsestasjon

Helsestasjon

Kontaktinformasjon 

Helsestasjonen finn du på Heradshuset i 1.etasje.

Besøksadresse

Konsul Jebsensgate 16

5722 Dalekvam

Opningstider

Måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00

Timeavtalar

Send gjerne ein SMS eller e-post om du ynskjer å endre time eller å koma i kontakt med oss. Dersom du ikkje kan nytte tildelt time, er det fint om du gjev beskjed på førehand.  

Alle barn har rett til regelmessig kontakt med helsestasjon. Dersom vi ikkje høyrer frå dykk, har helsestasjonen innkallingsrutinar som sikrar at barnet får det tilbodet det har rett til.

Leiande helsesøster - Brith Kydland 
Helsesøster - Katrine Hesjedal-Johannessen 
Jordmor Britt-Heidi Tefre 

Time etter avtale - kontakt Brith Kydland

Kommunepsykolog Åse Marie Giske

Mobil: 458 52 463

E-post: aase.marie.giske@vaksdal.kommune.no

Følg oss gjerne på sosiale medier

Instagram: dalehelsestasjon

Om helsestasjonen

Helsestasjonen er eit tilbod til sped- og småborn og familiane deira. Helsestasjonen driv helsefremjande og førebyggjande arbeid, og følgjer borna med faste kontrollar fram til dei byrjar på skulen. 

På helsestasjonen møter du helsesøster og lege. Her arbeider også jordmor. Vi samarbeider med fysio- og ergoterapeutar, barnehage, barnevern, fastlegar, sjukehus og PPT. Du treff helsesøster ved kvar konsultasjon. Barnet vert undersøkt av lege ved 6 veker, 6 mnd., 12 mnd. og 2 år. Det er sett av 30 min for dei ulike konsultasjonane. Personalet ved helsestasjonen har teieplikt.  

Kva gjer vi?

Helsestasjonen har som mål å ivareta spedbarn og småbarn si fysiske, psykiske og sosiale helse. Vi tilbyr blant anna undersøking av spedbarn og småbarn, helseopplysning og vaksinasjon. Ved helsestasjonen kan du få rettleiing og støtte i spørsmål knytt til barnet si vekst, utvikling og trivnad. 

Om helsestasjonsprogrammet

Mål

  • At foreldra opplever meistring i foreldrerolla
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og born
  • Å fremje fysisk, psykisk, og sosial utvikling hjå sped- og småborn
  • Å førebygge, avverje og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • Å bidra til at born får oppfølging og vert tilvist vidare ved behov 
 

Alder

Helsesøster

Lege

Vaksiner

Nyfødd

(7-10 dagar)

Tilbod om heimebesøk. Vekt og hovudmål

 

 

 

2-4 veker

Tilbod om vektkontroll og rettleiing. Hovudmål

 

 

 

6 veker

Vekt og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Rotarix= vaksine mot Rotavirus. (Drikkevaksine)*

3 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging, vaksinering

 

Rotarix, Hexyon= 6-komponentsvaksine og Prevenar13= vaksine mot pneumokokkinfeksjon)

4 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

5 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Hexyon og Prevenar13

6 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

x

 

7-8 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

10 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

12 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Hexyon og Prevenar13

15 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Priorix = vaksine mot meslinger, kusma, røde hunder (MMR)

18 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

2 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk. Rettleiing

 

x

 

4 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk, syn og motorikk. Rettleiing

 

 

 

* Born med foreldre frå land med høge tilfelle av tuberkulose får tilbod om BCG-vaksine frå 6 veker- 6 mnd alder. 

Sjå oversikt over helsestasjonsprogrammet på Helsedirektoratet si heimeside i PDF. 

Sjuke born

Hovudregelen er at sjuke born ikkje skal på helsestasjonen, dette for å beskytte dei minste borna for smitte. Vi kan eventuelt gje rettleiing per telefon dersom du er usikker på om barnet ditt treng legetilsyn.  

Dersom barnet ditt er sjukt og du har behov for lege, kontakt fastlege eller legevakt (116 117).


Sist oppdatert: 17.10.2018
Publisert: 27.08.2018