Spesialpedagogisk hjelp

Dette er eit tilbod til barn frå 0 til 6 år.

Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp, om barnet ditt treng ekstra hjelp, støtte og rettleiing. Retten gjeld uavhengig av om barnet ditt går i barnehage eller ikkje.

Slik søkjer du

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje PP-tenester heile året.

Fyll ut skjema for oppmelding til PPT 

Skjema sender du til:

Vaksdal kommune
Eining for barnehage
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

eller send skjema på e-post til 

post@vaksdal.kommune.no

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva får du?

Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språkleg og sosial kompetanse.

Krav til søkjar

Barnet må vere mellom 0-6 år. 

Kontakt oss

Wenche Faugstad
PPT- fagleiar

Mobil: 453 76 368
E-post: Wenche.Faugstad@vaksdal.kommune.no

Karianne Lid
Spesialpedagog

Mobil: 453 76 874  (måndag, tysdag, torsdag)
E-post: Karianne.Lid@vaksdal.kommune.no

Karianne Lid er tilgjengeleg måndag, tysdag og torsdag.

Opningstider

Kontoret er ope måndag - fredag klokka 0800 - 1500.

Besøks- og postadresse:
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

 

Kva er vår rolle?

Vi skal ha fokus på born og unge sine behov for gode utviklingsbetingelser i barnehage og skole.

Vi har eit særleg ansvar for å hjelpe skoler og barnehagar med å leggje til rette for barn med spesielle behov. 

PPT skal sørge for at det vert utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjer vi når vi skal vurdera behov for spesialpedagogiske tiltak for born i førskolealder.

 


Sist oppdatert: 21.02.2019
Publisert: 18.07.2018