HeimNyheiterVi digitaliserer fakturautsendinga

Vi digitaliserer fakturautsendinga

Vi ønskjer å sende minst mogleg papirfaktura, som er det mest kostbare alternativet både for kommunen og innbyggjarane.

Kva betyr dette for deg?

Vi vil prøve å sende alle fakturaer digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i e-post. Dersom det ikkje er mogeleg for deg å motta fakturaen på denne måten blir fakturaen sendt i posten.

Avtalegiro

Dersom du som kunde har AvtaleGiro vil det ikkje vere noko endring. Du vil bli varsla via bank som vanleg. Dersom kommunen sender deg varsel, vil dette bli sendt digitalt.
AvtaleGiro opprettar du i din eigen bank, og er ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysinga

 eFaktura

Om du har eFaktura vil det ikkje vere nokon endring for deg.
Du kan opprette eFaktura-avtale i eigen nettbank, og du vil då få alle faktura frå kommunen direkte inn i din nettbank klar til godkjenning.
eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og sum. Du berre godkjenner den i nettbanken.

Faktura via Vipps

Vi tilbyr no og Vipps Regning. Dersom du ikkje har AvtaleGiro eller eFaktura vil vi forsøke å sende deg faktura via Vipps. 
Dette føreset at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. Du må og vere registrert med gyldig mobiltelefonnummer hos oss. Ta kontakt og oppgi telefonnummer om du ønskjer å motta framtidige fakturaer på Vipps.

Faktura i Digipost / eBoks

Får vi framleis ikkje sendt faktura til deg, vil vi forsøke å sende faktura til din Digitale postboks.
For å motta faktura i din digitale postboks må du ha oppretta ei digital postkasse hos ein av desse leverandørane, og du må ikkje ha reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post

Om du ikkje har AvtaleGiro, eFaktura, Vipps eller Digital postkasse, kan du få faktura tilsendt på epost.
Ønskjer du dette kan du kontakte oss for å få registrert e-postadressa di i systemet vårt. 

Faktura levert i postkassa

Dersom vi ikkje får sendt faktura i digitale kanalar, vil fakturaen bli sendt som brevpost.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med innbyggjarservice på telefon 56 59 44 00 eller send en e-post til:  post@vaksdal.kommune.no.


Sist oppdatert: 30.01.2019
Publisert: 30.01.2019