HjemNyheiterVedtak frå kommunestyremøte måndag 10.desember

Vedtak frå kommunestyremøte måndag 10.desember

Offentlig ettersyn for planprogram for områdeplan Stanghelle

KOM - sak 68/2018 Vedtak:
Planprogram for områdeplan for Stanghelle, med plan ID 2016-002 vert sendt over til Formannskapet for handsaming før kommunestyret handsamar saka endeleg.

Offentlig ettersyn for planprogram for områdeplan Vaksdal

KOM - sak 69/2018 Vedtak:
Planprogram for områdeplan for Vaksdal, med plan ID 2016-001. Saka vert sendt over til Formannskapet for handsaming før kommunestyret handsamar saka endeleg.

Vaksdal skule – val av konsept for vidare utgreiing i forstudiefase

KOM - sak 77/2018 Vedtak:

  1. Mogelegheitsstudien viser så langt at kommunen lyt arbeide vidare med alternativ 2: Riving og nybygg Vaksdal skule
  2. Prosjektet lyt greie ut eventuelle kostnadsreduserande tiltak innan ei ramme som tilseier 1-7 skule med SFO på Vaksdal
  3. Frist for ytterlegare utgreiing vert sett til 01.02.2019, slik at prosjektet ikkje vert forsinka av den grunn. Formannskapet lyt handsame framlegg til resultat av vurderinga i mars 2019
  4. Mandat og rammer for forprosjektfase for riving og nybygg Vaksdal skule vert lagt fram for politisk handsaming mars 2019, inkludert erverv av grunn rundt skule

 

Lev Vel i Vaksdal, bygg for helse og omsorg. Mogelegheitsstudie og val av alternativ for vidre utgreiing

KOM - sak 83/2018 Vedtak:

Moglegstudiet vert tatt til orientering.

Rådmannen i lag med eldrerådet og råd for personar med nedsett funksjonsevne legg til rette for presentasjon av moglegstudiet på folkemøte.

Med utgangspunkt i folkemøtet legg rådmannen til rette for ei høyring mellom:

  • Dei tilsette i tenesta
  • Pensjonistforeiningane i kommunen
  • Pårørande
  • Røde Kors besøkstjeneste
  • Dei politiske partia

Rådmannen utarbeider etter dette ny sak til politisk handsaming, der innspela frå folkemøta og høyringane er innarbeidd og vurdert i saksførebuinga.
 For å sikre god nok framdrift til å nyttiggjere seg av tilskot til etablering av sjukehemsplassar, samt varsla tilskotsordning for reetablering av lokale kjøkken i institusjonar bør saka komme tilbake til politisk behandling igjen innan fyrste halvår 2019

Renovasjonsgebyr for 2019

KOM - sak 84/2018 Vedtak:

1.Vaksdal kommune vedtek at BIR Privat AS vert delegert fullmakt til fakturering og innkreving av renovasjonsgebyr på vegne av Vaksdal kommune, Jfr. §12 i «Forskrift om håndtering av avfall fra husholdning». Renovasjonsgebyret tilhøyrer Vaksdal kommune.

2. Prisen på renovasjonstenesta for 2019 vert redusert med 0,5 %, med unnatak av eigenandelen for levering til gjenvinningsstasjonane og enkelte tenester utanfor standard renovasjon. Desse vert uendra.

Kommunalt påslag vert sett til kr.0,- for 2018.

Vaksdal kommune vedtek renovasjonsgebyr i medhald av vedlagte prismatrise. Jmf. vedlegg: Renovasjonsgebyr 2019 Vaksdal kommune (Pristabell 2019).

Budsjett 2019

Les heile budsjettsaka og dei andre sakene som vart handsama i protokoll frå møtet.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 19.12.2018