HjemNyheiterVaksdal kommune har hatt møte med prosjektleiinga for K5 - fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Vaksdal kommune har hatt møte med prosjektleiinga for K5 - fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Dei arkeologiske utgravingane er ferdigstilt for i år.

BKK legg anleggsstraum i samarbeid med drift og tunneloppgraderingsprosjektet.

Her går arbeidet som planlagt, i første omgang fram til statsbudsjettet for 2023 er vedteke.

Prosjektet vil ikkje initiere nye avtalar om innløysing av eigedom fram til endeleg statsbudsjett er vedtatt i desember, og kjem tilbake til videre prosess for grunnereverv dersom ein ikkje får midlar over statsbudsjettet neste år.

Vedtatt reguleringsplan gjev alle innbyggjarar som har ein bustad som skal innløysast av prosjektet rett til å be om innløysing om dei ynskjer det – dette er uavhengig av statsbudsjettet for 2023.

I avtalane som er inngått om innløysing er det oppgitt dato for kor lenge ein kan bu i bustaden sin. Blir prosjektet forseinka vil desse datoane bli forskyvd, og ein kan velje å bli buande lengre om ein ynskjer det.

Har du spørsmål, ta kontakt med prosjektleiinga i Statens vegvesen.

Trykk her for å komme til prosjektsida. 


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 28.10.2022