HeimNyheiterVaksdal kommune deltek i EU-prosjekt i regi av KS

Vaksdal kommune deltek i EU-prosjekt i regi av KS

Prosjektet sitt mål er å ta i bruk velferdsteknologi i eit område i Bulgaria som har lite utbygde helsetenester. Dette vil gi sårbare grupper som bur aleine i avsidesliggande områder auka tilgang på profesjonell medisinsk og sosial oppfølging. Vaksdal kommune er ein av kommunane som skal bidra med faglege råd inn i prosjektet.

Tre medarbeidarar frå prosjektadministrasjonen i Vestlandsprosjektet var i Bulgaria i november som ein del av prosjektet.
- Det var ein lærerik tur der vi fekk innsikt i kor store utfordringar eit fattig land som Bulgaria har. Det gjev ein ny dimensjon for arbeidet vi gjer her heime, seier Anita Sævild frå Vestlandsprosjektet.

Med på turen var også representantar frå KS  sentralt og Høgskulen på Vestlandet.

I mars 2020 vil det kome besøk til Norge frå Bulgaria der vi skal ha eit opplæringsprogram og dele erfaringar. Dette vil dei ta med seg og bruke i oppbygginga av tenestesenter i Bulgaria.

Trykk her for å lese meir om prosjektet på nettsida til Vestlandsprosjektet.


Sist oppdatert: 02.03.2020
Publisert: 20.12.2019