HjemNyheiterUndersøking om korleis naturen bidreg til at du trivst i Nordhordland Biosfæreområde

Undersøking om korleis naturen bidreg til at du trivst i Nordhordland Biosfæreområde

Naturen spelar inn i liva våre på mange måtar. Den gjev oss maten vi et, vatnet vi drikk og trea vi brukar til å byggje eller varme husa våre med. For nokre er naturen ein plass der ein kan lære ting, noko ein kan knyte band til og trivast i. Dette kan vi kalle naturgode, og dette ønskjer vi å vite meir om!

Undersøkinga er ein del av eit forskingsprosjekt under Universitetet i Bergen sitt UNESCO-professorat for Bærekraftig Arv og Miljøforvaltning - Natur og Kultur. Her søkjer ein å forstå korleis naturen gagnar menneske i Nordhordland Biosfæreområde (som Vaksdal kommune er ein del av).

Trykk her for å bli med i undersøkinga. 

Om du ønskjer å få meir informasjon, eller få hjelp til å fylle ut undersøkinga, kan du delta på eit av møta som er sett opp:

Torsdag 13. februar kl. 16-18: Vaksdal hovudbibliotek, Dale

Måndag 2. mars kl. 10-12: Vaksdal bibliotekfilial, Vaksdal senter 

Trykk her for å følgje med på framgangen i forskingsprosjektet og

lese meir om UNESCO-professoratet.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 12.02.2020