Tilskot frå interkommunalt viltfond til fremjing av viltet

Fondet er eit felles fond mellom nemnde kommunar, med midlar frå BKK etter Eksingdalsreguleringa.

Aktuelle søkjarar er villreinutval-/nemnd, grunneigarlag, hjortevald, jakt- og fiskarlag med fleire.

Vedteken handlingsplan skal liggje til grunn ved handsaming av søknadar:

  • Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
  • Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet (t.d. villrein, hjort og småvilt).
  • Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
  • Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings-  og informasjonstiltak.
  • Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.
  • Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.

Trykk her for å meir informasjon.

Søknadar med prosjektskildring og budsjett/finansieringsplan, skal sendast til Vik kommune

Kontaktperson Vaksdal kommune Tore Henrik Øye

Mobil: 911 27 337

E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 28.02.2022