HjemNyheiterStatus smitteverntiltak i Vaksdal kommune

Status smitteverntiltak i Vaksdal kommune

I møte med kommunane rundt Bergen i ettermiddag var det semje om å ikkje innføre nye felles tiltak. Kommunane vil vera i kontakt med Statsforvaltaren som kallar inn til møte dersom smittesituasjonen endrar seg.

 

Informasjon frå Kommunal kriseleiing etter møte i ettermiddag:

  • Vaksdal kommune oppmodar sterkt om å bruke munnbind innandørs på offentlege stadar.
  • Hugs den nasjonale oppmodinga om å halde 2 meter avstand til andre.
  • Hytteeigarar vert oppmoda om å handla i sin heimkommune.
  • Det vil koma nye retningslinjer for besøk på sjukeheimane.
  • For barnehage og skule gjeld gult nivå som før.
  • Vaksineringa går etter planen og føl nasjonale retningslinjer for prioritering.

 

Trykk her for å lese om tiltaka på regjeringen.no.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 24.03.2021