HeimNyheiterSøk om tilskot til tiltak mot barnefattigdom - søknadsfrist 10.desember

Søk om tilskot til tiltak mot barnefattigdom - søknadsfrist 10.desember

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. 

Søknadsfrist for tilskotsåret 2019 er 10. desember 2018.

Du kan søkje om tilskot til tiltak som:

  • bidrar til at barn og ungdom som er påverka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur-, fritids- og ferieaktivitetar.
  • bidrar til at barn og ungdom som er påverka av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer

Sjå meir informasjon om ordninga, korleis du søker og tips til korleis du skriv ein god søknad på bufdir.no.

Kontakperson i Vaksdal kommune, einingsleiar barnehage Gunn E. Melgård Aase .

Mobil: 412 33 585

E-post: Gunn.Melgard.Aase@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 26.11.2018