HeimNyheiterRevidert framlegg til ny arealdel av kommuneplanen til avgrensa høyring og offentleg ettersyn.

Revidert framlegg til ny arealdel av kommuneplanen til avgrensa høyring og offentleg ettersyn.

Høyringa gjeld areal for LNF-spreidd bustadområde  og fritidsbustadområde med tilhøyrande føresegner. (Landbruks-, natur- og friluftsområder)
Målet er å gje bustader og fritidsbustader i LNF-område meir fleksible rammer for utvikling. 

Frist for innspel og merknad til planframlegget er 28. juli 2019
Det sendast til:
Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgt. 16, 5722 Dalekvam,
eller på e-post:
post@vaksdal.kommune.no

Kvotar for fortetting frå planframlegget som har vore til høyring er uendra eller justert i dialog med Fylkesmannen.

Det er ikkje nødvendig å ta opp att tidlegare innsendte merknadar. Det er berre merknadar som gjeld dette aktuelle temaet som vil bli vurdert og kommentert i denne fasen.

Har du spørsmål, ta kontakt med Gjertrud Karevoll:
gjertrud.karevoll@vaksdal.kommune.no 

Telefon: 915 60 795

Du er og velkomen til open kontordag i Heradshuset:

  • Onsdag 26. juni klokka 13.00 - 18.00.

Dokument i saka:

Plankart - 2. gangs høyring

KPA føresegner - 2. gangs høyring

KPA planomtale - 2. gangs høyring

KPA-konsekvensutgreiing og ROS-analyse 2. gangs høyring

KPA - samanfatning av innspel


Sist oppdatert: 13.06.2019
Publisert: 13.06.2019