HjemNyheiterRas i Holhovden på Dale

Ras i Holhovden på Dale

Ingen er kome til skade, og bebuarane i huset er evakuerte.

Mannskap frå kommunen har vore på staden, og det kjem geolog som skal undersøkje området i morgon tidleg.
Vi kjem tilbake når vi har ny informasjon.

Oppdatering torsdag 23. februar

Geologane er ferdige med arbeidet sitt.

Geologane har vore og sjekka området, og er no ferdige. Kommunen har motteke førebels rapport, og i morgon kjem det eit fjellsikringsfirma som skal sikre området.
Dei som er evakuerte kan ikkje flytte tilbake enno.

Det var og ei høgspentmast frå BKK som blei skadd. BKK vil starte arbeidet her når fjellsikringa er ferdig.

Vi kjem tilbake når vi har ny informasjon.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 22.02.2023