HjemNyheiterRådmann Trine P. Grønbech sluttar i Vaksdal kommune

Rådmann Trine P. Grønbech sluttar i Vaksdal kommune

Rådmann Trine P. Grønbech har meddelt oss at ho har fått tilbod om stilling i eit advokatfirma i Bergen – Simonsen, Vogt og Wiig.
Publisert: 04.10.2018
Sist endra: 23.08.2023

Dette er ei moglegheit ho meiner ikkje kan la gå frå seg, eller som ho seier:

-  Eg har fått ein sjeldan moglegheit til å kombinere min juridiske kompetanse og erfaringa mi frå kommunal sektor. Det er stort behov for gode advokatar som forstår kommunal sektor. Kommunane må manøvrera i eit stadig meir omfattande og komplekst rettsleg terreng. Då treng dei god juridisk bistand som treffer kommunen sine behov. Dette vil eg gjerne bidra til.

- Eg går til eit advokatfirma som har eit spesielt attraktivt fagmiljø, eit godt verdigrunnlag og ei god tilnærming til sektoren vår. Sjølv om eg trivst veldig godt i Vaksdal og gjerne skulle vore med på laget ei stund til, er dette ei riktig avgjerd for meg.

-  Det er ikkje med lett hjarte eg har teke avgjerda om å slutta i kommunen. Eg trivst veldig godt saman med ein fantastisk gjeng med gode og framoverlente folk som står på og gjer sitt beste for Vaksdal kommune kvar dag.

Ho reknar med å begynna i ny jobb 1.februar. Me er glad for å verta informerte i god tid.

Formannskapet drøfta situasjonen og prosessen rundt rekruttering av ny rådmann. Me er samde om å engasjera eit rekrutteringsbyrå til å stå for rekrutteringa i lag med Heidi Rongved, Kjartan Haugsnes, Bjørn Roald og Eirik Haga. Fagforbundet vil verta invitert med i gruppa.

Ordførar vart bedt om å avklara med Åse Elin Myking om konstituering. Dette vert i såfall fjerde gongen ho vert konstituert. Tilsaman har ho alt vore konstituert i fleire år.

Eirik Haga
Ordførar