HjemNyheiterRåd til foreldre om handtering av koronavirus

Råd til foreldre om handtering av koronavirus

Det er per 1. mars ikkje påvist koronasmitte i Vaksdal kommune. Ingen av innbyggarane våre er sett i karantene av helsemyndigheitene. Vi følgjer råd frå nasjonale myndigheiter om koronavirus, og det betyr at barnehagar og skular skal haldast opne.

Barnehagebarn og elevar utan symptom, skal gå i barnehagen/på skulen som vanleg. Unntak er dei som har vore i nærkontakt med personar med stadfesta koronasmitte.

Nytt telefonnummer i Vaksdal kommune om du mistenker at du er sjuk:

  • Ring 453 77 777 mellom kl 08.30 og 16.00

  • Eller legevakt på telefon 116 117 - heile døgnet

Symptomene på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

 Snakk med barna om sjukdom og hygiene

  • Dei aller fleste som blir smitta av koronavirus, blir ikkje alvorleg sjuke, men mange barn kan bli redde når dei høyrer om koronavirus, og det er viktig at barna får faktabasert kunnskap om sjukdomen. 

  • Gje barna informasjon om god håndhygiene. Minn særleg barna om at dei må vaske hendene før dei et og at dei bør unngå å ta seg til munnen, nasen og augene med uvaska hender når dei er ute blant folk. Hugs at også mobiltelefonen kan vere ei smittekjelde.

  • Minn barna på at dei må hoste eller nyse i albogekroken.

 Handtering av sjukdom

  • Ha låg terskel for å halde sjuke barn heime frå barnehage og skule.
  • Foreldre bør halde barna heime ved sjukdom for å hindre spreiing av smitte. Ved mistanke om koronavirus bør barnet vere heime i 14 dagar eller så lenge legen anbefaler. 
  • Vi anbefaler ikkje at barn brukar munnbind. Feilbruk førekjem ofte, og personar som brukar munnbind, tar seg oftare til ansiktet, noko som kan auke smittefaren. 

Trykk her for å halde deg oppdatert på Folkehelseinstituttet sine nettsider.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 02.03.2020