Opning av bana i Vaksdal Idrettspark
Stor takk til alle involverte som har bidrege til å realisere dette prosjektet: Pådrivarane i idrettslaget, politikarane som har løyvd midlar, våre dyktige tilsette i kommunen, eksterne planleggjarar, lokale bidragsytarar og hovudentreprenør, Rivenes A/S.
Vegen til ferdigstillelse har ikkje vore utan utfordringar. Det er lærdom å hente i prosessen, spesielt innan informasjon, kommunikasjon og samarbeid.
No er bana klar for bruk! Den nye kunstgrasbana representerer mykje meir enn berre ein bane; det er ei investering i framtida for ungdomen vår. Å sjå barn og ungdom strøyme til for å spele fotball, utvikle ferdigheitene sine og byggje venskap gir oss ei påminning om kor viktig det er å skape gode, trygge og moderne fasilitetar for dei.
Helsing frå Kommunedirektør Atle Fasteland
Kunstgrasbana i Vaksdal idrettspark er litt kortare enn mange tradisjonelle fotballbanar som ofte strekk seg til 100 meter. Det vart valt for å kunne inkludere ei 5ar-bana. For å sikre tryggleik er det også satt opp eit nett mellom dei to banane.
Foto: Esben Hesjedal
I motsetnad til mange andre banar som bruker svart granulat frå oppmålte bildekk, har denne bana grønt granulat. Dette er ikkje berre estetisk tiltalande, men også meir miljøvennleg, sjølv om det koster litt meir. Det er og viktig for idrettslaget at bana skal fungere som ei heilårsbane. Nokre alternativ til tradisjonelle kunstgrasbaner kan fryse om vinteren, som skaper utfordringar. Derfor vart valet av dekke annleis.
Foto: Esben Hesjedal
Det tyske firmaet som stod for legginga av kunstgraset er ferdige med hovudarbeidet. Dei planlegg ein retur seinare i haust for etterkontroll og potensiell tilleggsfylling av granulatet.
Bilete frå fotograf Esben hesjedal kjem frå artikkel i Vaksdalposten.