HeimNyheiterOpe møte om forvaltning av rype og skogsfugl

Ope møte om forvaltning av rype og skogsfugl

Velkomen til møte torsdag 7.mars klokka 19.00 i sosialrommet i Turbinen på Dale.
Publisert: 28.02.2019
Sist endra: 22.03.2019

Torstein Storaas, professor ved Høgskulen i Innlandet, rypeforskar og kvemming, held innlegg: - Ryper og skogsfugl; biologi, jakt og forvaltning – og kva kan gjerast lokalt?

Aktuelle tema:

  • Bestandsutvikling.
  • Naturlege svingingar.
  • Predasjon og tydinga av jakt.
  • Aktuelle forvaltningstiltak og verknaden av lokalt samarbeid.

Enkel servering.

Arrangør: Dale JF, grunneigarlag i Vaksdal og Vaksdal kommune.