HjemNyheiterNye fortsettelser - filmvisning i Vaksdal senter søndag 7. april

Nye fortsettelser - filmvisning i Vaksdal senter søndag 7. april

Kortfilmen tek utgangspunkt i Dale og brukar staden som eit prisme for å få auge på globale endringar i produksjon, økonomi og korleis me tek stilling til ein stad. Dale har lenge vore tilknytt ein global marknad med produksjon og sal til hele verda. I filmen ynsker filmskaparane å la landskapet kome til orde gjennom overflater og lyd som dei knyt opp til ein abstrahert forteljing om staden Dale.
Den nylege bitcoin-produksjonen på Dale vert tatt opp i filmen, som ser på kva grad denne produksjonen av immaterielle verdiar er avhengig av materielle forhold som vasskraft og stabilitet.

Den norske versjonen har «voice over» med kunstnaren Kurt Johannessen.

Etter filmen (20 min) blir det opna for samtale med kunstnarane, der publikum kan komme med sine erfaringar av endringane.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 05.04.2019