HjemNyheiterNasjonale reglar og anbefalingar frå 20. januar

Nasjonale reglar og anbefalingar frå 20. januar

Vaksdal kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane.

Kva betyr dette?

Barn og unge

  • Ungdomsskular og vidaregåande skular går tilbake til gult nivå. 
    Det vil seie at Dale og Eksingedalen skule, ungdomstrinnet, er tilbake til gult nivå frå onsdag 20.1.
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar, både ute og inne.
    Vaksdal kommune skal setje opp treningsplanar i lag med idrettslaga.
  • Kampar, cupar og stemne må framleis utsetjast.

Besøk og private samlingar

  • Vi kan igjen kan ha inntil 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman, men alle bør framleis avgrense sosial kontakt.
  • Dei fleste private samlingar og ulike arrangement bør framleis bli utsette eller avlyste. Om ein skal gjennomføre gjeld følgjande:

    For private samlingar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale, er grensa inntil 10 personar. Dersom den private samlinga er utandørs, er grensa no 20 personar. For arrangement er det ingen endringar i reglane for tal på personar. I gravferder kan ein vere 50 personar.

Besøk på institusjonane i Vaksdal kommune

  • Frå onsdag 20. januar kan bebuarar på institusjonane våre ha to besøk i veka . Dette avtalast som før med avdelinga. 

Skjenking

  • Forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader blir vidareført inntil vidare. Det blir gjort ei ny vurdering av dette i veke 4.

Heimekontor

  • Heimekontor er fortsatt tilrådd for dei som har høve til det.

Trykk her for å få oversikt over dei nasjonale reglane og anbefalingane.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 19.01.2021