HeimNyheiterNasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Målsetting

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. 

Søknadsfrist for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019.

Du kan søkje om tilskot til tiltak som:

  • bidrar til at barn og ungdom som er påverka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur-, fritids- og ferieaktivitetar.
  • bidrar til at barn og ungdom som er påverka av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer

Trykk her for å lese meir om ordninga, korleis du søker og tips til korleis du skriv ein god søknad på bufdir.no.

Kontakperson i Vaksdal kommune, einingsleiar barnehage Gunn E. Melgård Aase .

Mobil: 412 33 585

E-post: Gunn.Melgard.Aase@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 02.03.2020
Publisert: 26.11.2019