HeimNyheiterBli med i låtskrivarkonkurranse - frist 22. mai

Bli med i låtskrivarkonkurranse - frist 22. mai

 

Vaksdal kommune er ein syngjande kommune. Kommunestyret ynskjer i det høvet å tinge ein eigen song som famnar heile kommunen vår.

Songen kan mellom anna bli brukt i kommunestyret, på skulane, i barnehagane og på institusjonane våre. Me ynskjer at alle innbyggjarane våre vil ta songen i bruk.

Konkurransereglar:

  • Du kan bidra med tekst til ein kjend melodi.
  • Du kan bidra med tekst og melodi.
  • Teksten skal famne heile kommunen.
  • Det vert lagt vekt på at melodien eignar seg for allsong.

Frist:

Bidrag må vera levert innan 22. mai til kulturskulerektor Sindre Sortland, munnleg eller skriftleg.

E-post: Sindre.sortland@vaksdal.kommune.no
Telefon: 453 76 379 

Rettigheiter vil bli avklara med vinnaren før annonsering. Det er ein føresetnad at Vaksdal kommune kan bruka songen fritt i eigen regi.

Vinnarbidraget blir premiert.

Vinnaren vil bli annonsert ved utdelinga av Vaksdal kommune sin kulturpris på Daledagane.

Jury

Juryleiar er kulturskulerektor Sindre Sortland. Med seg har han mellom anna politiske representantar og leiar i Vaksdal musikkråd.

Ta kontakt med Sindre om du har spørsmål.


Sist oppdatert: 29.04.2019
Publisert: 26.04.2019