HjemNyheiterKulturprisen og kulturstipend 2024

Kulturprisen og kulturstipend 2024

I dag hadde Ordførar Hege Eide Vik gleda av å dele ut kulturprisen til Husastyret for ungdomshuset Ljosheim og Dugnadsgjengen bak Fryd.
Publisert: 07.06.2024
Sist endra: 07.06.2024

Ordføraren trakk fram det store engasjementet og arbeidet begge vinnarane gjer for lokalsamfunnet.

- I år har Formannskapet bestemt seg for å dele ut to prisar, og vi gratulerer dei verdige vinnarane:

Husastyret for ungdomshuset Ljosheim

- Sidan 2019 har dette engasjerte styret gjort ein formidabel innsats for å bevare og restaurere. Huset er ein viktig samlingsstad for ulike kulturarrangement, og er ein skatt i seg sjølv. I 2022 hadde huset 125 års jubileum og er eitt av dei aller eldste i sitt slag. Dei frivillige arbeida deira har berika Eksingedalen og heile Vaksdal kommune. Styret består av Anna Bergo, Aud Marit Bergo, Evelyn Gullbrå, Britt Ingeborg Eide og Sigrid Tyssen.

Dugnadsgjengen bak Fryd på Dale

- Med Eva Britt Blålid, Bodil Laastad og Elin Kvamme Sellevold i spissen, har denne gruppa skapt ein miljøvennleg og estetisk møteplass i sentrum. Deira arbeid med gjenbruk, rydding og pynting av gatene har gjort Dale sentrum endå koselegare og meir innbydande for både lokalbefolkning og tilreisande.

Kulturprisen er ein sjekk på 10.000 kroner og eit måleri av Charles Lunde.

Vaksdal kommune tildeler Martha Mjelde kulturstipendet for 2024

Martha starta med pianotimar og kor som barn. Ho gjekk musikklinja på vidaregåande og har opptredd på Vintertreffet og hatt kyrkjekonsert på Vaksdal. I 2023/2024 kom ho inn på LIMPI, der ho tok ei intensiv utdanning i musikkproduksjon. Når studiane er over, planlegg ho å flytte vestover og jobbe vidare med musikken, med planar om å gje ut ein EP.

Ordførar fortel:

- me håpar det kan vera eit lite bidrag på hennar veg vidare innan musikkbransjen. Martha har siste skuledag på LIMPI i dag, og kunne dessverre ikkje vera her, men familie vil ta imot stipendet på vegne av Martha.