HjemNyheiterKulturpris 2020

Kulturpris 2020

Vaksdal kommune skal dele ut årets kulturpris i haust og ønskjer innspel frå deg.

Prisen kan gjevast til einskilde personar, lag eller institusjonar, som har gjort seg fortente til ei utmerking, anten for spesielle tiltak, eller god og trufast innsats for å fremja kulturlivet i kommunen. 


Prisen må kunna oppfattast som ei utmerking av god innsats gjennom lengre tid, men også som eit prov på at særlege kulturtiltak vert verdsett, og såleis at det inspirerer til vidare arbeid for fornying av kulturlivet i kommunen vår

Prisen er ein gåvesjekk på kr. 10.000,- og eit måleri.

Prisen vert utdelt under offisiell opning av Dale skule.

Frist for å senda inn forslag er 1. august.


Forslag kan sendast på e-post til:

ole.johnny.domben@vaksdal.kommune.no,

eller som brevpost til:

Vaksdal kommune
Konsul Jebsen gt 16.
5722 Dalekvam
Eining for Samfunnsutvikling
v/Ole Johnny Domben

Klikk her for å finne meir informasjon om kulturprisen


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 30.06.2020