HeimNyheiterKoronaviruset

Koronaviruset

Kva gjer du om du mistenker at du er sjuk med koronaviruset?

Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking. Det er viktig at du ringer og ikkje berre møter opp hos lege/legevakt.

  • Ring fastlegen din
  • Legevakten på telefon 116 117 - heile døgnet

Symptomene på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Har du vore i eit område med vedvarande spreiing av viruset?

Om du har vore i eit område med spreiing av viruset må du følgje med på teikn til luftvegsinfeksjon (feber, hoste og andre luftveissymptom) i 14 dager etter opphaldet.
Om du får slike teikn, ta kontakt med helsetenesta på telefon. Der vil du bli råda videre.

Har du i løpet av dei siste 14 dagane vore i kontakt med ein person som er bekrefta sjuk, ta kontakt med helsetenesta. Der vil du bli råda videre.

Trykk her for å få oversikt over områder med spreiing (oppdaterast kontinuerleg)

Korleis førebyggje smitte?

  • God hoste- og handhygiene reduserer risikoen for å få luftvegsinfeksjonar, inkludert infeksjonar med koronavirus

Trykk her for meir informasjon hos Folkehelseinstituttet. Desse sidene oppdaterast kontinuerleg. 

Korleis er Vaksdal kommune førebudd?

Norske helsemyndigheiter sin risikovurdering tysdag 25.2:

«Folkehelseinstituttet vurderer at risikoen for spredning av sykdommen i Norge foreløpig er moderat, men ber helsetjenesten forberede seg på en alvorlig epidemi.»

Kommunen føl råd frå nasjonale myndigheiter og førebur beredskap om det kjem smitta personar hit.

Kommuneoverlegen i Vaksdal


Sist oppdatert: 02.03.2020
Publisert: 26.02.2020