HjemNyheiterKoronatiltak for innbyggjarar i Vaksdal kommune

Koronatiltak for innbyggjarar i Vaksdal kommune

Skule/ barnehage 

  • Det er inga endring for skule og barnehage (framleis på gult nivå som resten av landet) 

Arbeidsplassar 

  • Det er påbud om heimekontor for alle som kanArbeidsgivarar skal kunne dokumentere at tilsette i verksemda har fått beskjed om korleis dette skal gjennomførast. 

Serveringsstadar 

  • Serveringsstadar kan halde ope, men har ikkje lov til å servere alkohol. 

Plikt til å bruke munnbind 

Det er plikt til å bruke munnbind når det ikkje er mogeleg å halde ein meter avstand 

  • butikkar 

  • På serveringsstader 

  • På kollektivtransport og innandørs stasjonsområde 

  • Trus- og livssynshus 

  • lokale  for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar 

  • Passasjerer skal ta munnbind på i taxi.  (Munnbindet skal vere på før passasjeren set seg i taxien, og det skal vere på til ein er ute av bilen.) Sjøføren skal ha munnbind på når det er passasjer i taxien. 

  • Munnbind gjeld og for tilsette på stader der det ikkje er mogeleg å halde minst ein meter avstand frå besøkjande. 

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske  årsakar ikkje kan bruke munnbind. 

Offentlege stader og virksomheiter der det er organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktiviteter, kan halde ope for: 

  • Barn og unge under 20 år 
  • Utendørs aktivitet for voksne 
  • Organisert trening for toppidrettsutøvere 

Butikkar 

Kjøpesentre og varehus skal framleis halde stengt med ein del unntak. 

  • Butikkane i Vaksdal kommune er ikkje påvirka av dette og kan halde ope 

Fleire andre verksemder og stader skal halde stengd 

  • I Vaksdal kommune gjeld dette stader der det foregår kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs. 

Anbefalingar 

  • Den nasjonale anbefalinga om besøk i heimen gjeld. Det vil seie å begrense sosial kontakt, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar. Barn i barnehage og barneskule kan ha besøk fra eigen kohort. 

  • Alle bør unngå unødvendige reiser. Reise til arbeid er nødvendig.  

 


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 12.02.2021