HeimNyheiterKompetansedeling om velferdsteknologi

Kompetansedeling om velferdsteknologi

Turen gjekk til Århus og Odder kommune på Jylland i Danmark i november 2019. Århus er ein av dei største kommunane i Danmark, mens Odder kommune er den minste. Ei gruppe på 10 personar reiste, der tre tilsette var frå Vaksdal kommune.

Fyrste dagen var me på Dokk X i Århus, som er eit hus som inneheld aktivitetar for alle aldersgrupper. Her fekk me informasjon om korleis Århus kommune arbeider med velferdsteknologi. Voss og Vaksdal kommune fekk også moglegheit til å fortelje  om korleis me arbeider med same emne. På slutten av dagen fekk me omvising i visningsområdet deira knytt til hjelpemidlar og velferdsteknologi.

Andre dagen var me til Odder kommune og fekk sjå korleis ein mindre kommune jobbar med innføring av teknologi. Her fekk me også omvising i eit svært moderne og effektiv lager for hjelpemiddel. 

Siste dagen var me alle deltakarar på ein konferanse, Care Ware, som var den tredje i rekka i 2019. Her var det blanding mellom føredrag om relevante tema samt produktpresentasjonar frå ulike firma.

Kunnskapsdeling er viktig. Vi har mykje med oss tilbake frå reisen, og vi trur og at vi har bidratt med kunnskap til dei andre  deltakarane også.


Sist oppdatert: 02.03.2020
Publisert: 10.01.2020