Kommunestyremøte i Turbinen 22.09.20
For å ivareta smittevernreglane er møtet for kommunestyret flytta til Turbinen, hallen.
Første del av dagen er sett av til temamøte, "Slik fungerer kommunestyret best".
Program for dagen:
Kl. 09.00 Temasamling - Slik fungerer kommunestyret best
Kl. 11.30 Lunsj
Kl. 12.00 Kommunestyremøte med Open halvtime
Kl. 14.30 Pause
Kl. 14.45 Kommunestyremøtet fortset
Kl. 15.30 Slutt
Møtet vert ikkje streama.
Open halvtime
Det er open halvtime for publikum frå klokka 12.00.
Om du som innbyggjar, lag eller organisasjon ønskjer å leggje fram saka di til kommunestyret må du vere til stades før møtet startar. Du må gje beskjed om at du har ei sak du vil ta opp.
Du kan ikkje ta opp saker som er på sakslista.
Orienteringar etter open halvtime:
- Fast orientering frå ordførar og rådmann
- Orientering frå Kyrkjeleg Fellesråd
- Status frå Vaksdal Næringsselskap
- Orientering frå Statens vegvesen om K5
- Orientering frå Statnett
Møtet er ope for publikum.
Hugs å følgja smittevernreglane og hald deg heime dersom du er sjuk.
Alle som møter vert ført opp på ei liste namn og kontaktinformasjon for eventuell smittesporing i ettertid.