HjemNyheiterKommunale landbruks- og utmarksfond - frist 1.desember

Kommunale landbruks- og utmarksfond - frist 1.desember

Send søknad med prosjektskildring og budsjett/finansieringsplan til:

OBS! Hugs å skrive kva fond de søkjer tilskot frå.

Har du spørsmål, ta kontakt med Tore Henrik Øye

E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no

Mobil: 911 27 337

Vaksdal landbruksfond

Føremålet er å fremje landbruket i kommunen. AIle næringsdrivande, lag og organisasjonar i landbruket kan få tilskot til:

  • Nyinvestering i driftsbygingar
  • Kjøp av mjølkekvotar, innkjøp av maskinar (kun fellestiltak)
  • Tilleggnæringar om lokal foredling av varer med basis i landbruket.

Det må vere drift på gardsbruket, og ein omsetnad på minst kr 30 000,- i året. 
Midlar til fordeling i 2019  er omlag kr 30 000,-.

Mysterfondet 

Midlane i fondet kjem frå BKK si utbygging av Myster kraftverk, og skal nyttast til «opphjelp av vilt og fisk» i Vaksdal kommune. Alle kan søkje om midlar til tiltak innanfor fondsføremålet. 

Vaksdal kommune sitt fond for vilt, fiske og friluftsliv

Fondsmidlane kjem hovudsakleg som tilskot frå BKK etter utbygginga av Eksingedalsvassdraget. Midlane skal vere til lokal bruk og nytte, med verdi for ålmenta. 
Alle kan søkje om tilskot til tiltak innanfor fondsføremålet. Målet er at fondsbruken skal vise følgjande fordeling i løpet av ein 5-årsperiode:

  • Fisk - 50%
  • Vilt - 25%
  • Friluftsliv - 25%

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 04.11.2019