Ingen yttarlegare justeringar knytt til forskrifta om smitteverntiltak frå 6.november
Kommuneoverlegen i Vaksdal seier at vi ikkje kan senke skuldrane sjølv om vi har hatt ei ein markant nedgang i smittetilfelle i kommunen.
Sosial kontakt må reduserast til færrast mogleg personar. Det er fagleg semje om at mykje smitte skjer i eigen husstand og andre private relasjonar. Eit viktig verkemiddel for å motverke dette er avgrensa besøk i heimane. Redusert sosial kontakt er det beste for å stoppa smitta.
Vi vil gjere ny vurdering av smitteverntiltaka fredag 4. desember.
Sist oppdatert:
23.08.2023
Publisert:
30.11.2020