HjemNyheiterInfluensavaksinering haust 2020

Influensavaksinering haust 2020

På grunn av koronapandemien planlegg vi i år vaksinasjon på ein annan måte enn før.

OBS! Vaksinasjon er førebels kun for prioriterte grupper. Sjekk lista under.

Prioriterte grupper:
  • Alle som har fylt 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2

    • kronisk luftvegssjukdom

    • kronisk hjarte- og karsjukdom

    • kronisk nyresvikt

    • kronisk leversvikt

    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

    • nedsatt immunforsvar

    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)

    • annan alvorleg eller kronisk sjukdom

  • Gravide frå veke 12 i svangerskapet
  • Bebuarar i omsorgsbustader
  • Bebuarar på sjukeheim (Eige opplegg)

Helsepersonell får tilbod om influensavaksine på arbeidsplassen, og skal ikkje møte til vaksinasjon i Dalekjellaren.

Kvar vil vaksinasjon skje:

  • Dalekjellaren på Dale

Når kan du få vaksine:

  • Tirsdag 27. oktober
    • KL 09.00 - 11.00 og 13.00 - 15.00
    • For deg som har etternamn som byrjar på A til og med L
  • Onsdag 28. oktober
    • KL 09.00 - 11.00 og 13.00 - 15.00
    • For deg som har etternamn som byrjar på M til og med Å

Det er ingen timebestilling - berre møt opp.

Kva koster det?

  • Eigendel - kr 50,-. (ha med nøyaktig beløp om du vil betale kontant).
  • Du er velkomen til å betale med vipps, med vi tar ikkje kort.

Vil du ta vaksine mot lungebetennelse samstundes?

  • Ta kontakt med fastlegen din for resept, og ta med deg vaksinen når du kjem.

Kan du ikkje komme på dei oppsette tidene?

  • Ta kontakt med fastlegen for å avtale time for vaksinering.

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 21.10.2020