HjemNyheiterHøyring kommuneplanen sin arealdel - frist 20. desember

Høyring kommuneplanen sin arealdel - frist 20. desember

Frist for innspel er 20.desember 2018.

Her finn du dokumenta i saka:

Kommuneplanen sin arealdel planomtale.pdf

Plankart kommuneplanen sin arealdel.pdf

Kommuneplan arealdel føresegner og retningslinjer.pdf

Kommuneplanen sin arealdel konsekvensutgreiing.pdf

Vi vil invitere til informasjonsmøter og opne kontordagar i november og desember 2018.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommuneplanleggar Gjertrud Karevoll

Telefon: 915 60 795

E-post: Gjertrud.Karevoll@vaksdal.kommune.no

Innspel sendast til post@vaksdal.kommune.no innan fristen 20. desember.

Informasjonmøte og opne kontordagar

                                           
Informasjonsmøte Open kontordag
15.11 kl 17-18 Dale, Heradshuset 15.11 kl 12-19 Heradshuset, Dale
19.11 kl 17-18 Vaksdal skule  19.11 kl 13-1830 Vaksdal skule
20.11 kl 17-18 Stanghelle skule  21.11 kl 13-18 Stanghelle skule
03. 12 kl 17-18 Eksingedalen skule  22.11 kl 08-15  Dale, Heradshuset
04.12 kl 17-18 Bergsdalen (skulen)  03.12 kl 14-18 Eksingedalen skule
11.12 kl 17-18 Stamnes skule  04.12 kl 14-18 Bergsdalen (skulen)
   06.12 kl 12-17 Dale, Heradshuset
   07.12 kl 9-14.30 Dale, Heradshuset
   11.12 kl 14-18 Stamnes skule
   13.12 kl 12-20 Dale (etter avtale)

 

Arbeidet starta i 2015

Arbeidet med rullering/revisjon av kommuneplanen vart starta i 2015, med hovudfokus på utvikling i folketal, bustader, næring og samferdsel. Samfunnsdelen vart vedtatt i kommunestyret 2017.
Arealdelen av kommuneplanen skal fastsetje hovudtrekka for korleis areala skal brukast og vernast, og kva viktige omsyn som må vurderast ved disponering av areala og korleis areala samla sett skal disponerast for å nå måla for samfunnsutviklinga.
Med utgangspunkt i kommuneplanen frå 2007 er no dette forslaget til ny arealdel (KPA) utvikla med bakgrunn i planprogram, ny samfunnsdel, mottatte innspel og utgreiingar som har vore del av planarbeidet.

Planforslaget har vore førelagt formannskap/planutval, kommunestyre og regionalt planforum i fleire omgangar.

I tillegg har det vore særskilte møte med Hordaland fylkeskommune (Hfk) og Fylkesmannen (FM) i høve grensesnitt mellom kommuneplanens arealdel ( KPA) og pågåande områdeplanarbeid i stasjonsbyane Vaksdal og Stanghelle.

Vidare har administrasjonen vore i møte med prosjektleiinga for ny E16/ jernbane Arna - Stanghelle (K5) for å drøfte grensesnitt mellom KPA og statleg plan, samt korleis handtere massedeponi i KPA.

Planen er utarbeidd i tråd med nasjonale og regionale planar, og andre førande dokument.

Kva definerer planen

Planomtalen definerer mål for kommuneplanen og gjer greie for bakgrunnen for dei plangrep som er gjennomført.

Målsettingane er utarbeidd i 2017, og speglar dei folketalsprognosane for utvikling som då var gjeldande frå SSB. Kommunen sine målsettingar som vedtatt i Samfunnsdelen til kommuneplanen er foreslått vidareført i KPA.

I tråd med forskrift for konsekvensutgreiing (KU) er det gjennomført KU for nye område for utbygging og vesentleg endra arealbruk i eksisterande byggeområde.  Verknader for miljø og samfunn er skildra etter ei tredeling:

  1. miljøkonsekvensar
  2. andre konsekvensar og 
  3. risiko og sårbarheit (ROS)

I tillegg er endringane vurdert mot måloppnåing. I tråd med KMD sin rettleiar for konsekvensutredning av KPA er det og gjennomført ei vurdering av samla konsekvensar av planforslaget.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 01.11.2018