Helse Bergen er utan avtale for transport av pasiantar med rekvisisjon frå 12. oktober
Helse Bergen og drosjeselskapa i områda det gjeld har ikkje blitt einige om nye avtalar. Helseforetaket håper å ha nye avtalar på plass i løpet av vinteren
Helse Bergen jobbar no med å finne ordningar som vil ivareta dei mest sårbare pasientane i denne perioden.
Kva betyr dette for deg som er pasient og treng transport?
- Innbyggjarar i Vaksdal kommune må sjølv ordne transport.
- Når behandlaren din har rekvirert ei reise til deg, må du bestille/ordne transport sjølv og legge ut for reisa di.
- Du kan søke dekning av reiseutgifter i etterkant. Trykk her for å finne informasjon og rettleiing for digital søknad. .
Du kan òg få hjelp i pasientventearealet i 0.etasje i Sentralblokka på Haukeland, eller på telefon 05515.
- Rekvisisjonen er dokumentasjon som automatisk vil følgje søknaden din om dekning av reiseutgifter.
Vaksdal kommune er ikkje part i saka, men vi jobbar både administrativt og politisk for å finne gode løysingar for våre innbyggjarar framover.
Vi arbeider med å finne ei ordning for våre innbyggjarar som bur på institusjon.
Sist oppdatert:
23.08.2023
Publisert:
09.10.2020