HjemNyheiterFrivillige organisasjonar kan søke om momskompensasjon

Frivillige organisasjonar kan søke om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet.

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1.september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må være ein viktig del av verksemda for å søke. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkast etter to modellar:

  • Forenkla modell. Her er minstegrensa for å søke 100 000 kroner i søknadsgrunnlag

  • Dokumentert modell. Her er  7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.

Trykk her for å lese om momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 21.06.2022