HeimNyheiterFørehandsrøysting frå måndag 12. august

Førehandsrøysting frå måndag 12. august

Siste veka før valdagen er det ope til kl 1900 tysdag-torsdag og til kl 1500 på fredag.

Du kan og førehandsrøyste på:

  • Stamnes skule tysdag 27. august kl 1300-1630
  • Stanghelle skule onsdag 28. august kl. 1300-1630
  • Eksingedalen skule torsdag 29. august kl 1300-1630

Førehandsrøysting på institusjonane:

  • Daletunet omsorgssenter tysdag 3. september kl 1000-1200
  • Vaksdal sjukeheim onsdag 4. september kl 1000-1200
  • Dagsenteret i Sveabrekko, Stamnes, torsdag 5. september kl 1000-1200

Førehandsrøysting heime (ambulerande røysting)

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møta i eit røystelokale for å førehandsrøysta eller røysta på valdagen, kan du søkja valstyret om å få røysta heime.

Ta kontakt med Innbyggjarservice, tel 56 59 44 00, valstyret, tel 453 75 994 eller skriv til:
Valstyret i Vaksdal, Konsul Jebsens gate 16, 5722 Dalekvam.

Frist for å søkja om å få røysta heime er tysdag 3. september kl 1200. 

Hugs å ta med valkort og legitimasjon m/bilde når du skal røysta.

Trykk her for å lese meir om valet.


Sist oppdatert: 08.08.2019
Publisert: 08.08.2019