Enøkstønad for 2023
Nye midlar til ENØK-tiltak til primærbustad – du kan søkje frå 1.august.
Publisert:
27.06.2023
Sist endra:
23.08.2023
Kommunestyret i Vaksdal har sett av nye 3 millionar kroner til ENØK–tiltak i Vaksdal kommune.
Tiltaket har som føremål å støtte nye energisparande tiltak til innbyggjarar si primærbustad i Vaksdal kommune.
Søknadsskjema blir lagt ut 1. august. Det er ikkje mogeleg å søkje før dette.
Her kan du lese retningslinjene for stønaden, kva du kan søkje om, og kor mykje stønad du kan få.