HjemNyheiterEndringar i helsebygga i Vaksdal kommune

Endringar i helsebygga i Vaksdal kommune

Vinterhagen i det nye helsebygget
Sjukeheimsplassane samlast i det nye helsebygget på Vaksdal
Publisert: 07.06.2024
Sist endra: 07.06.2024

Kommunestyret vedtok 14. mai å samlokalisere sjukeheimsplassane til kommunen på Vaksdal. Pasientar som i dag har sjukeheimsplass på Daletunet, vil i haust flytte til Vaksdal.

Flyttinga krev god førebuing, og planen er at alt skal vere klart for flytting i oktober/ november 2024.

På Vaksdal får pasientane/ bebuarane flotte rom og bustader med moderne utstyr og tilgang til flotte inne- og uteområde med både park og vinterhage.

Det komplette helsebygget på Vaksdal vil innehalde både sjukeheimsplassar, omsorgpluss-bustader og omsorgsbustader.

Delar av Daletunet blir rivne

Delar av Daletunet (1930-bygget) er i så dårleg forfatning at det må rivast. Dette vedtok kommunestyret tidlegare.

Nokre av aktivitetane som held hus her no blir verande, medan andre flyttar til Vaksdal.

 Noko blir bygd opp igjen på 1930-tomta, men kva det blir er ikkje klart enno. Det er ulike moglegheiter for Helsehuset på Dale, og sak om dette kjem til politisk behandling mot slutten av 2024.

Informasjon og dialog med involverte

Det er mange som blir involverte i samband med endringane i helsebygga våre. Dette gjeld både bebuarar, pasientar, pårørande og tilsette. Vi vil sørgje for å ha ein god dialog med alle involverte, og sørgje for god informasjon i prosessen. Pårørande blir invitert til det nye bygget i god tid før innflytting.  

Open dag i det nye helsebygget

Før innflytting i haust vil vi invitere alle interesserte innbyggarar til open dag i det nye helsebygget på Vaksdal. Meir informasjon om dette kjem når vi har klare datoen etter sommaren.