HjemNyheiterEigedomsskatt 2020

Eigedomsskatt 2020

Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2020 er 7,0 promille.

For bustadeigedomar, fritidseigedomar og ubygde eigedomar til bustad og fritidsføremål, er det vedteke skattesats på 3,2 promille.

Trykk her for å opne skattelista for 2020

Klagefrist 18. mai 2020 

Eigar kan klaga på taksten som er lagt til grunn for eigedomsskatten. Skriftleg klage må sendast kommunen innan 18.mai 2020 og må innehalde ei nærare grunngjeving for kvifor du meiner at den fastsette taksten er feil. 

Klagen skal sendast til :

Vaksdal kommune, Eigedomsskattekontoret, Konsul Jebsensgt 16, 5722 Dalekvam, eller på epost til post@vaksdal.kommune.no

Nye takstar frå 2020

Vaksdal kommune har i samsvar med eigedomsskattelova utført ny taksering i 2019. Hovudtaksering vert gjort kvar tiande år. Det har kome fleire endringar i lov og regelverk sidan sist taksering i 2009.

Taksten for eigedomsskatt er ikkje det same som salstakst/verditakst eller skattetakst.

Data frå omsetning av eigedomar i kommunen er utgangspunkt for verdivurdering.  Eigedomane er synfart og oppmålt utvendig. Eigedomsinformasjon frå matrikkelen er lagt til grunn og det er gjort arealvurderingar av bygg og etasjar. Ulike reduksjonsfaktorar er nytta for å vurdere alder og standard på bygg (Indre Faktor) og område (Sone).  For hytter og fritidshus er det nytta reduksjonsfaktor for ulike hytteområde (Ytre faktor). Basert på dette er det utarbeida ein meir sjablongmessig verdi for ulike eigedomar i kommunen. Eigedomane er ikkje vurdert innvendig.

Privatrettslege avtaler og hefter skal ikkje vektleggjast ved taksering. Det er eigedommen som objekt som skal takserast. Kven som drar nytte av eigedommen gjennom eksempelvis private avtaler, skal ikkje vurderast. Til dømes vil ein avtale om burett eller tilkomstrett over eigedommen ikkje påverke taksten


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 29.02.2020