HeimNyheiterEigedomsskatt 2019

Eigedomsskatt 2019

Eigedomsskatteliste for 2019 er lagt ut til offentleg ettersyn.
Publisert: 28.02.2019
Sist endra: 22.03.2019

Du finn lista i Innbyggarservice i heradshuset og her på nettsida.

Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2019 er 7,0 promille. For bustadeigedomar, fritidseigedomar og ubygde eigedomar til bustad og fritidsføremål, er det vedteke skattesats på 5,5 promille.

Trykk her for å opne eigedomsskattelista. PDF

Trykk her for å opne dokument om takseringsprinsipp. PDF

Eigar kan klaga på taksten som erlagt til grunn for eigedomsskatten dersom det ikkje er sendt inn klage på same taksten tidlegare. Eventuell klage må setjast fram skriftleg innan 15. april 2019 og må innehalde ei nærare grunngjeving for kvifor du meiner at den fastsette taksten er feil.

Klagen kan sendast til :

Vaksdal kommune, Eigedomsskattekontoret, Konsul Jebsensgt 16, 5722 Dalekvam, eller på epost til post@vaksdal.kommune.no