HjemNyheiterE16 blir stengt ved Langhelle torsdag 7. mars

E16 blir stengt ved Langhelle torsdag 7. mars

Statens vegvesen melder at E16 ved Langhelle blir heilt stengt frå kl 08.15 torsdag 7.mars.
Publisert: 05.03.2024
Sist endra: 06.03.2024

E16 er heilt stengt torsdag, opning kvar time onsdag og fredag.

Les oppdatert sak på vegvesen.no.

Dei skal rydde og sikre fjellsida i området der det var steinsprang måndag.

Vegen blir heilt stengt til arbeidet er ferdig, seinast kl 19.00. Det er ikkje mogeleg å passere området så lenge arbeidet i fjellsida pågår. (Det kan komme endringar).

Onsdag 6. mars har dei førebuande arbeid på staden. Då blir det leiebil forbi området.