HeimNyheiterDetaljregulering Dale stasjon - høyringsfrist 5. september 2019

Detaljregulering Dale stasjon - høyringsfrist 5. september 2019

Forslagsstillar er Bane NOR.
Føremålet med planen er å leggje til rette for utbetring av Dale stasjon slik at det kan takast imot nye togsett. Det kjem ein ny type togsett som er lengre enn noverande togsett på Bergensbanen, og det krev lengre plattformer på stasjonen.
Planen legg til rette for to plattformer og overgangsbru mellom plattformene for mjuke trafikantar.
Planen regulerer også utbetra gang- og sykkelveg langs den eine plattforma og nytt fortau langs Stasjonsvegen. 

Trykk her for å lese dokumenta i saka.

Trykk her for å lese om saka på BaneNor sine nettsider.

Høyringsinnspel sender du til Vaksdal kommune seinast 5. september:

Informasjonsmøte 20. august kl 18.00

Det vert halde informasjonsmøte 20. august kl.18.00 i Turbinen fleirbrukshall. Alle som ynskjer nærare informasjon om planforslaget er hjarteleg velkomne.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Catherine Holter, prosjektleiar i Bane NOR 
Mobil: 905 70 083
E-post: Catherine.Holter@banenor.no

Linnea Kvinge Karlsen, plankonsulent i Multiconsult
Mobil: 951 53 748
E-post: linnea.kvinge.karlsen@multiconsult.no

Gjertrud Karevoll, kommuneplanleggar i Vaksdal kommune
Mobil: 915 60 795
E-post: gjertrud.karevoll@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 26.06.2019
Publisert: 26.06.2019