HeimNyheiterByt batteri i røykvarslaren

Byt batteri i røykvarslaren

Røykvarslaren reddar liv! Den varslar tidleg om at ein brann er under utvikling, slik at du kan komme deg ut i tide.

Alle må ha røykvarslar

Alle bustader - leilegheiter, rekkehus, privatbustader, hyblar og hytter - skal ha minst ein godkjent røykvarslar eller eit FG-godkjent brannalarmanlegg. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal kunne høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Eigaren av bustaden har ansvaret for å skaffe og montere røykvarslar. Brukaren av bustaden har ansvaret for å teste røykvarslaren og skifte batteri.

Skift batteri ein gong i året

Dei fleste røykvarslarar lagar korte og svake pip når batteriet begynner å bli dårleg. Du må då skifte batteri så snart som mogeleg. Røykvarslarar bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Batteriet bør skiftast ein gong i året, med mindre du har batteri som har lengre levetid. Gjer det til ein vane å bytte batteri på Røykvarslardagen 1. desember. Hjelp også eldre du kjenner med å byte batteri denne dagen.

Seriekopla røykvarslarar

Røykvarslarane bør vere seriekopla slik at dei varslar samtidig. Alle i huset vil då bli varsla om brann i ein annan etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du skaffe varslarar som er berekna for dette. Samankoplinga er enkel og kan gjerast sjølv.

Ionisk eller optisk?

Det er fleire typar røykvarslarar, både optiske, ioniske og kombinasjonsvarslarar. Optiske røykvarslarar reagerer raskast ved ulmebrann, mens ioniske røykvarslarar reagerer raskast på open eld. Brannvesenet anbefalar optiske eller kombinerte varslarar.

Plassering er viktig

Plassering av røykvarslarar er svært viktig for kor raskt dei reagerer på røyk. Røykvarslarar skal monterast på høgaste punkt i taket og minimum 50 cm frå veggen. Varslaren bør monterast i rømmingsvegane, for eksempel i gangar som knyter fleire rom saman. I hus med fleire etasjar bør varslarane monterast nær trappene.

Test røykvarslaren med røyk

I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk. Bruk røyk frå testpinne, testspray eller vanleg fyrstikk for å teste om sjølve røykvarslaren reagerer på røyk. Dersom røykvarslaren ikkje reagerer med nytt batteri, er røykvarslaren defekt og må skiftast ut snarast.

Røykvarslarar bør reingjerast for støv og smuss minst ein gong i året. Ver varsam slik at du ikkje skadar elektronikken. Det blir anbefalt å skifte ut røykvarslarar som er eldre enn 10 år.


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 28.11.2018