HeimNyheiterBålbrenning

Bålbrenning

Du kan framleis grille, brenne hageavfall i din eigen hage, eller grille på eigna stader som til dømes i parkområde eller i strandkanten. Det er lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann. All bålbrenning er på eige ansvar.   

Bålvettreglane
All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Følg desse bålvettreglane:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantennelege klede. 
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Finns det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar. 

Eingongsgrill og bålpanner

Vær svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til brann i skog og mark. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillen må sløkkast skikkeleg med vatn og leggjast i ein egen metallbehaldar etter bruk.

Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.  

Brenning av hageavfall
Det er lov å brenne hageavfall, men berre små mengder, som kvister, gras, gammalt lauv og planterestar. Det er ikkje lov å brenne boss i noko form, heller ikkje bygningsrestar, materialar eller treverke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande. 

Vis omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særleg dersom bålet er vått. Røyk er irriterande på slimhinner, auger og luftvegar, og er til særleg plage for personar med astma og andre luftvegsproblem. 

Lag kompost eller lever til gjenvinning

Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kunne heller blitt til kompost og gjort nytte som gjødsel og jord. Ein enkel hagekompost er lett å lage. Legg alt avfallet i ein haug. Du kan også lage ein karm rundt for å halde haugen på plass.  

Hageavfallet kan også enkelt leverast inn på BIR sine gjenvinningsstasjonar. 

Flatebrenning
Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september.


Sist oppdatert: 16.04.2020
Publisert: 16.04.2020