HjemNyheiterAltfor mange hytter utan livsviktig branntryggleiksutstyr

Altfor mange hytter utan livsviktig branntryggleiksutstyr

Undersøkinga vart gjennomført i februar i år, og gav ei samla kartlegging av alle avvik som vart funne under hyttetilsyn i 18 kommunar i regionen. Foreløpig har rundt 20 % av hyttene her fått tilsyn, og det brannvesenet har avdekka er bekymringsfullt. Litt over 10 % mangla røykvarslarar eller hadde røykvarslarar som ikkje fungerte. Tala er endå meir nedslåande for sløkkjeutstyr. Nær 20 % av hyttene var ikkje utstyrt med fungerande sløkkjeapparat eller husbrannslange.

Like viktig på hytta som heime

Hytteeigarar må sørgje for at branntryggleiksutstyret er på plass. Krava til branntryggleik er nemleg dei same på hytta som heime.  Når vi veit at det finnast 26 323 hytter i regionen, kan vi estimere at rundt 2 780 hytter er utan tilstrekkeleg brannvarsling og at cirka 5 000 hytter ikkje har fungerande sløkkjeutstyr. Det brannvesenet fryktar aller mest er at det skal oppstå brann i e av desse hyttene.

Røykvarslaren reddar liv

Dersom det skulle begynne å brenne, så er røykvarslaren livsviktig. Tidleg varsling gjer at du oppdagar brann i ein tidleg fase, og det gjev deg betre moglegheit til å koma deg ut og i tryggleik. Har du eit fungerande sløkkjeapparat kan du sløkkje ein liten brann i startfasen, før den utviklar seg. Det er likevel viktig å ikkje utsetje seg for fare, men heller varsle andre i hytta og rømme i tryggleik til ein avtalt møteplass utanfor.

Invester i branntryggleiken

Dersom du er usikker på om hytta er godt nok utstyrt, er det lurt å ta med nye røykvarslarar til vinterferien.Det er ei billig livsforsikring. Mistenkjer du at også sløkkjeapparat manglar eller har gått ut på dato? Kjøp inn eit nytt og ta med. Ha uansett med nytt røykvarslarbatteri kvar gong du besøker hytta. Dersom du skal leige hytte i vinterferien – ta med deg reiserøykvarslarar. Då er du på den sikre sida.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 03.03.2021