HjemNyheiterSmitteverntiltak i Vaksdal kommune er forlenga til 6. desember

Smitteverntiltak i Vaksdal kommune er forlenga til 6. desember

Tiltaka frå laurdag 7. november er utvida til og med  6.desember.

Forskrifta er i hovudsak den same som for perioden 7.- 23. november, med nokre mindre endringar som gjeld talet på kor mange som kan vere på besøk, og ei presisering om bruk av munnbind. Sjå uthevingar i teksten under.

Hugs alltid på reglane:

  • Hald meteren.
  • Hald hendene reine.
  • Hald deg heime når du er sjuk.
  • Hald nede talet på menneske du møter.

Private samlingar

  • Forbod mot private samlingar med over 5 deltakarar, og mot samlingar der avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast.
    Unntak for familiar med fleire enn fem personar som bur saman.
    I tilfelle der alle som tilhøyrer ein husstand på fire eller fleire personar er til stades samstundes, kan husstanden likevel ha inntil to gjester. 

    Unntak òg for kohortar for barn i barnehage og barneskule. I tillegg skal ein føre gjestelister på lik linje med offentlege arrangørar.  
    Trykk her for å lese om besøksregistrering hos Datatilsynet.

Reduserte aktivitetstilbod 

  • Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år blir forbode.  
  • Treningssenter, idrettshallar, symjehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal halde stengt. Bestemminga for idrettshallar og symjehallar gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge eller undervisning til barn og unge under 20 år. Bestemminga omfattar heller ikkje individuell fysikalsk trening i samband med behandling. 
  • Trening for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kamp, cup, turnering og liknande er ikkje tillate.  
  • Bibliotek stenger for aktivitetar og opphald, men utlån og innlevering vil vere mogleg.   

Handling på butikkar og kjøpesenter

  • Butikkar, kjøpesenter og liknande må syte for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det er mogleg å halde 2 meter avstand. Tillate tal på kundar i lokalet blir rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om nødvendig vere vakthald som syter for at kravet blir følgt. 

Krav til munnbind

  • Krav om bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad (butikkar kjøpesenter osb.), der 1 meter avstand ikkje kan overhaldast. I tillegg vil det bli påbode med munnbind både for sjåfør og passasjerar i taxi. 
  • På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske brukast også når det er fare for at1-meters avstandskravet ikkje kan overhaldast.
  • På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast. 

Serveringsstader

  • skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader der gjester skal innta mat eller drikke på staden, skal det bli lagt til rette for at gjester kan etterleve smittevernråd. Det skal vere minst 1 meter mellom gjester som ikkje er frå same husstand og det skal vere lett tilgjengeleg handdesinfeksjonsmiddel i lokalet. 
  • Skjenkestader, restaurantar, kafear og kantiner skal krevje at gjester legitimerer seg. Gjester som ikkje legitimerer seg, skal avvisast. 

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal føre liste over gjester. Lista skal oppbevarast i 10 dagar. Namn og telefonnummer, tidspunkt og dato for besøket skal registrerast. Gjester skal få informasjon om at slik registrering skjer. 

  • Dersom smittevernlegen ber om det, skal liste over gjester oversendast i tekstformat, anten i Excel, Word eller anna tekstprogram. 
    Lista skal oppbevarast i 10 dagar, og slettast etter dette. Trykk her for å lese om besøksregistrering hos Datatilsynet.

  • På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast. 

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stenge seinast kl. 22, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. 

  • Bestemminga gjeld ikkje takeaway. 

  • Arrangement på offentleg stad
  • Innandørs arrangement på offentleg stad utan fast seteplassering er ikkje tillate.
  • Ved innandørs arrangement på offentleg stad skal alle deltakarar ha fast seteplassering.
    Det er ikkje tillate å gjennomføre private eller offentlege innandørs arrangement på offentleg stad med fleire enn 20 deltakarar til stades samtidig.
  • Ved gravferder kan tal deltakarar ikkje overstige 50.
  • Arrangement der avstandskravet på éin meter ikkje kan overhaldast er ikke tillate.

Heimekontor og skular

  • Heimekontor for alle som kan ha heimekontor. Dette må avklarast nærare med arbeidsgjevar.
  • Raudt nivå på vidaregåande skular.

Besøksrestriksjonar på sjukeheimar og andre helseinstitusjonar

I Vaksdal er det for tida ikkje mogeleg å besøkje bebuarar på institusjonane. Pårørande til bebuarar i siste fase av livet kan framleis komme på besøk. --------------------------------------------------------------------------------------------------------

Politisk og administrativ leiing i Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar har samarbeida tett for å innføre målretta, tydelege og like tiltak i heile regionen.

Tiltaka vil bli forskriftsfesta med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 (smittevernlova). Forskrifta blir ferdigstilt i løpet av kvelden (fredag 6. november). Ho vil gjelde frå laurdag 7. november. Forskrifta er no forlenga til og med 6. desember.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 06.11.2020