HjemKampanjerSpelemidlar - søknadsfrist 1.12.18

Spelemidlar - søknadsfrist 1.12.18

Kven kan søkje?

Søknadsberettiga er i hovudsak kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre søkjarar kan og bli godtatt etter godkjenning av laget sine vedtekter.

Kva kan støttast?

Det kan søkjas om midlar til bygging og rehabilitering av ulike typar anlegg for organisert idrett, enkelte friluftslivsanlegg og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. ​Dei viktigaste målgruppene til idrettsføremål er born og ungdom (6-19 år).

Korleis søkje?

Du sender søknad frå anleggregisteret.no. Innlogging gjer du via ID-porten Du finn søknadsskjema og informasjonen du treng om søknadsprosessen ved å klikke på linken over.

Kan eg fornye eller gjenta søknad som er send tidlegare?

Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsende søknaden. Det finn du på kvitteringa du fekk ved innsending. Dersom du ikkje finn referansenummeret, ta kontakt med kommunen.

Fekk nokre i Vaksdal kommune spelemidlar i 2018?

Av søknadene som vart vurdert ved tildeling i 2018, vart det tildelt tilskot til ballbana på Stanghelle og volleyballbane på Vaksdal idrettsplass.»

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Magne Rønning Eikeland

E-post: magne.ronning.eikeland@vaksdal.kommune.no

Telefon: 908 04 129


Sist oppdatert: 16.11.2018
Publisert: 12.11.2018