Helsestasjon
Helsestasjonen finn du på Heradshuset i 1.etasje.
Adresse:
- Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Opningstider:
- Måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00
Bestill timeavtale
Send gjerne ein SMS eller e-post om du ynskjer å endre time eller å koma i kontakt med oss. Dersom du ikkje kan nytte tildelt time, er det fint om du gjev beskjed på førehand.
Alle barn har rett til regelmessig kontakt med helsestasjon. Dersom vi ikkje høyrer frå dykk, har helsestasjonen innkallingsrutinar som sikrar at barnet får det tilbodet det har rett til.
Kontaktinformasjon
E-post: helsestasjonen@vaksdal.kommune.no
Helsesjukepleiar - Brith Kydland
- Mobil: 488 80 383
Helsesjukepleiar - Katrine Hesjedal-Johannessen
- Mobil: 408 01 786
- Snapchat: skulehelsesysto
Jordmor
Time etter avtale - kontakt Brith Kydland
Følg oss gjerne på sosiale medier
-
Facebook
- Instagram: dalehelsestasjon
Om helsestasjonen
Helsestasjonen er eit tilbod til sped- og småborn og familiane deira. Helsestasjonen driv helsefremjande og førebyggjande arbeid, og følgjer borna med faste kontrollar fram til dei byrjar på skulen.
På helsestasjonen møter du helsesjukepleiar og lege. Her arbeider også jordmor. Vi samarbeider med fysio- og ergoterapeutar, barnehage, barnevern, fastlegar, sjukehus og PPT. Du treff helsesjukepleiar ved kvar konsultasjon.
Barnet vert undersøkt av lege ved 6 veker, 6 mnd., 12 mnd. og 2 år. Det er sett av 30 min for dei ulike konsultasjonane. Personalet ved helsestasjonen har teieplikt.
Kva gjer vi?
Helsestasjonen har som mål å ivareta spedbarn og småbarn si fysiske, psykiske og sosiale helse. Vi tilbyr blant anna undersøking av spedbarn og småbarn, helseopplysning og vaksinasjon.
Ved helsestasjonen kan du få rettleiing og støtte i spørsmål knytt til barnet si vekst, utvikling og trivnad.
Om helsestasjonsprogrammet
Mål
- At foreldra opplever meistring i foreldrerolla
- Å bidra til godt samspel mellom foreldre og born
- Å fremje fysisk, psykisk, og sosial utvikling hjå sped- og småborn
- Å førebygge, avverje og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
- Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
- Å bidra til at born får oppfølging og vert tilvist vidare ved behov
Alder |
Helsesjukepleiar |
Lege |
Vaksiner |
Nyfødd (7-10 dagar) |
Tilbod om heimebesøk. Vekt og hovudmål
|
|
|
2-4 veker |
Tilbod om vektkontroll og rettleiing. Hovudmål
|
|
|
6 veker |
Vekt og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering
|
x |
Rotarix= vaksine mot Rotavirus. (Drikkevaksine)* |
3 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging, vaksinering |
|
Rotarix, Hexyon= 6-komponentsvaksine og Prevenar13= vaksine mot pneumokokkinfeksjon) |
4 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging |
|
|
5 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering
|
|
Hexyon og Prevenar13 |
6 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging
|
x |
|
7-8 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging
|
|
|
10 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging
|
|
|
12 mnd |
Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering
|
x |
Hexyon og Prevenar13 |
15 mnd |
Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering
|
|
Priorix = vaksine mot meslinger, kusma, røde hunder (MMR) |
18 mnd |
Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging
|
|
|
2 år |
Vekt og lengde. Kartlegging av språk. Rettleiing
|
x |
|
4 år |
Vekt og lengde. Kartlegging av språk, syn og motorikk. Rettleiing
|
|
|
* Barn med foreldre frå land med høge tilfelle av tuberkulose får tilbod om BCG-vaksine frå 6 veker- 6 mnd alder.
Sjå oversikt over helsestasjonsprogrammet på Helsedirektoratet si heimeside i PDF.
Sjuke barn
Hovudregelen er at sjuke barn ikkje skal på helsestasjonen, dette for å beskytte dei minste barna for smitte. Vi kan eventuelt gje rettleiing per telefon dersom du er usikker på om barnet ditt treng legetilsyn.
Dersom barnet ditt er sjukt og du har behov for lege, kontakt fastlege eller legevakt telefon 116 117.