HjemNyheiter7. mai fyller Trygve Vassdal 100 år!

7. mai fyller Trygve Vassdal 100 år!

Trygve Vassdal og ordførar Hege Eide Vik. Foto Rune Vassdal
Gratulerar så mykje den store dagen.
Publisert: 07.05.2024
Sist endra: 07.05.2024

Eg fekk møte han på Elvahuset saman med born og svigerborn og ein yngre bror då dei feira dagen i forkant.

Eg møtte ein hyggeleg og humoristisk jubilant. Han bur no i omsorgsbustad på Dale og er godt nøgd med det og med den hjelpa han får.

Det einaste er at han saknar fjordutsikt etter å ha budd 75 år heilt nede ved fjorden på Vaksdal.

Han vart fødd på den øvste garden på Boge, og kun med eit lite avbrekk til Osterøy har han budd i kommunen heile livet.

Trygve har alltid vore glad i å arbeide med hendene, og han arbeidde i 50 år på Norsk Kontormøbelfabrikk på Vaksdal.

For dette fekk han invitasjon til slottet og vart tildelt medalje av Kong Harald.

Me ynskjer deg hjarteleg til lukka med dagen Trygve!

Helsing Hege Eide Vik
Ordførar