Du er her: ›› Vil du delta i utforminga av helse- og omsorgstenester for personer med demens?
507831200

Vil du delta i utforminga av helse- og omsorgstenester for personer med demens?

Vaksdal kommune ønskjer kontakt med personar med demens og deira pårørande. Hensikta er å få kunnskap om kva som kan gjerast for at kvardagen skal bli lettare.

Foto Solrun Hauglom

Kontaktperson kommunalsjef Solrun Hauglum

  • Kva tenkjer de er viktig for å meistre kvardagen?
  • Korleis kan vi saman tilretteleggje for å lukkast med dette? 

Vi inviterer til samtalar i grupper på om lag seks personar. Det kan også verte aktuelt med individuelle samtalar. Samtalane vil vere i Vaksdal kommune.

Er du usikker på noko må du berre ta kontakt.

Ta kontakt med Solrun Hauglum om du ønskjer å delta, eller om du vil ha meir informasjon:
E-post: solrun.hauglum@vaksdal.kommune.no
Mobil: 488 80 358

Kva skal skje?

Vi vil fyrst møte deg i ein gruppesamtale med inntil seks personar. I neste omgang vil vi snakke med deg aleine. Du kan gjerne ha med deg ein person om du vil.
Vi vil også samle ei gruppe som er pårørande til ein heimebuande person med demens. I tillegg vil vi samle ei gruppe tidlegare pårørande. 

Det er forskarar som skal gjennomføre sjølve undersøkinga. Vaksdal kommune skal bruke kunnskapen i utvikling av helse- og omsorgstenester for personar med demens. Kunnskapen vi får skal også publiserast i vitskaplege tidsskrift. Vi vil synleggjere kva personar med demens og deira pårørande meiner er viktig for å leve eit aktivt og godt liv. Vi vil også formidle erfaringane deira med tenestetilbodet. 

Bilete av Oscar Tranvåg

Forskar frå Senter for alders- og sjukeheimsmedisin

Oscar Tranvåg, forskar ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, Universitetet i Bergen  er ein av forskarane du kan møte i gruppesamtalen og seinare i ein personleg samtale.

Bilete av Tone Elin Mekki

Forskarar frå Senter for omsorgsforsking

Tone Elin Mekki, forskar ved Senter for omsorgsforsking, Høgskulen på Vestlandet  er ein av forskarane du kan møte i gruppesamtalen og seinare i ein personleg samtale. Frå Senter for omsorgsforskning vil også forskar Christine Øye vere med.

Skriv ut Skriv ut